Odd Nordstoga - Borga I Ur
To elver renn gjennom landet Ur, møtest der, og høgt fra ein mur Ser du opptog med faner og vimplar i vind; der elvene møtest skrid opptoget inn.
Eit bord med safirpynta beger av gull, hyller med kunnskap, rull på rull. Salar med strengespel , song og lått, ringdans med fløyter og harpeslått.
Så snør det i landet: gløymselsnø. Borte blir borga og gløymde dei brød. Som metta dei fem tusen munnar frå korg: Andlet ber blindt på ei tusenårssorg.
Og ingen kan minnast dei linne drag i dronningas andlet den fagre dag Då landet her kvilte i heilag fred og alle hadde kjærleik å elske med.
Ei dør slår opp i den stille kveld, gjennom opningen anar du skinet av eld Og stemmer som vinden ber fram der du trør: Dette er noko du kjenner fra før.
Ei hand spelar terning i fakkelskin, ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin; Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør: Detter er noko du kjenner frå før.
Gløym slitet for glede og frykta for sorg; det er her, alt du treng, Det er brød i ei korg frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg.
Sjå her er dagen som renn. Sjå, her stig sola for deg Sjå, her er korga med brød for alle, i borga i landet Ur.
More Odd Nordstoga's lyrics
Borga I Ur Farvel Til Deg Fuglen Hallo Hallo Kom Kveldssong For Deg Og Meg Lause Ting Mademoiselle Orda Du Gav Meg Sjøfararsong
|
|
Lyric Info: |
 |
| Artist:
Odd Nordstoga |
 |
| Title:Borga I Ur
|
 |
| Submit by:HotLyrics.net
|
 |
|
Tools: |
 |
|
|
|